Linja er to-delt, der ein får undervisning i både Functional Fitness og Vektløfting. Vektinga mellom dei blir tilpassa kvar enkelt utøvar, ut frå mål, ynskje og behov. Det blir lagt opp til 14 treningstimar på dagtid, og evt. ekstra på kveldstid etter behov.
Dersom du ynskjer å delta på konkurransar legg vi til rette for dette. Du kan anten få konkurrere gjennom din moderklubb, Tambarskjelvar eller skulen sitt eige idrettslag Sunnfjord IL, heilt opp til deg. I Functional Fitnes følgjer ein eit opplegg som planlegg for både nivå, ferdigheiter, utvikling og restitusjon. I vektløfting blir treningsopplegget skreddarsydd saman med vår dyktige trenar/lærar.
Her på Sunnfjord er alle like mykje velkommen uansett nivå. Vi har profesjonelle lærar, trenarar og tilsette som tar vare på deg heile døgnet.
Fasilitetar
Skulen nyttar Spenst Førde sitt CrossFit-senter til undervising og linjertimar i CrossFit. Vektløftings-delen blir gjennomført både i Spenst Førde sitt vektløftingsrom og i Tambarskjelvar IL sin treningshall. I tillegg har vi eige treningsstudio og gymsal ved skulen.
Kva forventar vi av deg?
På linja forventar vi at du ønskjer å utvikle deg innan Functional Fitness og/ eller vektløfting. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Vi har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Iidrettsglede og meistring er sentralt i alt vi gjer.
Les mer her og på Sunnfjord Folkehøgskule sine nettsider.