Vektløfting / Nyheter / 2022/23 / EM Samling
Fra høyre: Ragnar Holme, Lea Berle Horne, Ine Andersson, Marit Årdalsbakke, Sol Anette Waaler, Rebekka Tao Jacobsen, Jostein Frøyd og Stian Grimseth.
Fra høyre: Ragnar Holme, Lea Berle Horne, Ine Andersson, Marit Årdalsbakke, Sol Anette Waaler, Rebekka Tao Jacobsen, Jostein Frøyd og Stian Grimseth.

EM Samling

Frå fredag 31.03.23 til onsdag 05.04.23 har det vert arrangert treningssamling i Naustdal for våre kvalifiserte utøvarar til EM senior i Armenia.

Fredag vart det rett på film oppdrag for å gje fine bilder til ein VM2025 video som er under arbeid. Det dukka opp ein hest i Førde by under filminga, og den var vi so heldige å få låne litt - trur det skal bli bra på filmen...

Treninga har for det meste gått veldig bra, det er god stemning i laget og det har vert sett fleire personlege rekordar under samlinga. 

Søndag var det duka for sauna på Vassenden, so fekk vi kjølt oss ned i elva mellom rundane i varmen. 

Takk for solid utført arbeid av Rebekka Tao Jacobsen, Sol Anette Waaler, Ine Andersson, Marit Årdalsbakke, Lea Berle Horne og Ragnar Holme. Vidare stor takk til Jostein Frøyd både som trenar og kokk. 

Vi er si heldige at Michael Jørgensen frå Olympiatoppen var med oss over 2 dagar, både på trening, under måltid og so fekk vi eit godt føredrag rundt trenar og utøverrelasjonen. Takk Michael, inspirerande og lærerikt når du er saman med oss. 

Herleg gjeng, gleda oss til EM i Armenia! 

NLP logo ELEIKO Berge Rederi AS