Vektløfting / Nyheter / 2024 / OL-drømmen brast for Ine Andersson
Ine på EM i 2021. Foto: Isaac Julián Morillas Sánchez
Ine på EM i 2021. Foto: Isaac Julián Morillas Sánchez

OL-drømmen brast for Ine Andersson

Ine Andersson stilte sterkt til start i 59 kg-klassen i det siste av syv OL-kvalifiseringsstevner i Thailand. Hun var avhengig av en god konkurransedag for å komme blant de ti beste, men lyktes dessverre ikke denne gangen.

Trener Stian Grimseth skriver følgende etter dagens konkurranse: 

- Ine Andersson fekk ikkje godkjent resultat under World Cup i Thailand. Ine starta med 90 kg i rykk, den gjekk dessverre bak. Det vart høgna til 91 kg, denne hadde Ine på plass over hovudet, men kom frampå og vart sittande med stange over hovudet og knea i golvet. Siste forsøk på 91 kg gjekk igjen bak. 91 kg ville vert norsk rekord for Ine, og med tanke på OL kvalifisering so måtte ho starte høgt og også klare eit løft eller to til.

I støt so var det ei litt kranglete oppvarming, og det vart bom på 113 kg i første forsøk. Det gjekk fint opp i andre forsøk, og på siste forsøk vart det 119 kg som ville vert norsk rekord. Ine kom seg greit opp i vendinga, men då var det slutt på energien.

Ine var avhengig av å perse i både rykk og støt for å ha håp om plass i OL i Paris, dette gjekk dessverre ikkje. Når det er sagt so har Ine gjort ein formidabel jobb sidan skaden på Cuba for 9 mnd sidan, og årets OL kvalifisering er tidenes hardeste der berre 60 vil bli fordelt på 12 jenter i 5 klassar. Ine satsa det ho kunne for å komme seg til OL, kjempa godt - men lykkast ikkje med OL Paris 2024 draumen.

ELEIKO